Show simple item record

dc.contributor.authorTorvanger, Asbjørnnb_NO
dc.contributor.authorEricson, Torgeirnb_NO
dc.date.accessioned2014-03-17T14:29:45Z
dc.date.available2014-03-17T14:29:45Z
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier.issn0804-4562nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/191958
dc.description.abstractI denne rapporten undersøker vi om drift av ei plattform på norsk sokkel via landstraum - elektrifisering - fører til lågare utslepp av CO2 enn tradisjonell drift via gassturbinar på plattforma. Resultata vil avhenge av om et norsk, nordisk eller europeisk perspektiv blir valt, og av tidshorisonten for analysen. Ein viktig føresetnad er produksjonsmåten til landstraumen. Ein annan viktig føresetnad er bruken av gassen som blir frigjort frå drift av gassturbinar på plattforma, og som heng saman med ulike verknadsgrader når gass blir brukt til energiproduksjon. I tillegg spelar det ei rolle om ein reknar at denne frigjorte gassen og bruken av den kjem som eit tillegg til eksisterande kraftproduksjon, eller om den erstattar eksisterande produksjon, og i så fall kva type produksjon den erstattar. I eit perspektiv fram til 2030, med straum basert på den nordiske el-miksen og frigjort gass brukt i eit gasskraftverk (med verknadsgrad på 60 %) som vidare erstattar europeisk el-miks, finn vi at elektrifisering reduserer CO2-utsleppa med nesten 90 % samanlikna med om plattforma hadde brukt eigne gassturbinar. I dei fleste andre tilfelle blir CO2-utsleppa redusert ved elektrifisering, men ikkje heilt fjerna. Reduksjonen i CO2-utsleppa er større i 2030 enn 2012 på grunn av at el-miksen over tid blir mindre CO2-intensiv. Blir frigjort gass brukt i eit kraftvarmeverk med høg verknadsgrad eller til oppvarming av bygningar blir det ein netto nedgang i europeiske CO2-utslepp dersom ein reknar at den produserte krafta erstattar eksisterande produksjon. Skulle denne produserte energien erstatte straum frå eit kolfyrt kraftverk vil det bli ein større netto reduksjon i europeiske CO2-utslepp enn om den erstattar straum frå til dømes den europeiske el-miksen eller eit typisk gasskraftverk. Dersom straumen til plattforma kjem frå nesten CO2-fri norsk el-miks, og frigjort gass brukt i eit gasskraftverk erstattar europeisk el-miks blir det også ein netto reduksjon i europeiske CO2-utslepp. Tek vi utgangspunkt i at vi har eit europeisk kvotesystem som minst varer fram til 2030 vil ein eventuell nettoeffekt av elektrifisering på europeiske CO2-utslepp komme igjennom bruk av frigjort gass i anlegg som ikkje er inkludert i kvotesystemet, og som erstattar anna og mindre effektiv energibruk som ikkje er inkludert i kvotesystemet.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherCICERO Center for International Climate and Environmental Research - Oslonb_NO
dc.relation.ispartofCICERO Reportnb_NO
dc.relation.ispartofseriesCICERO Report;2013:03nb_NO
dc.titleFører elektrifisering av plattformer på norsk sokkel til reduserte CO2-utslepp?nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber37nb_NO
dc.identifier.cristin1083613


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record