Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAamaas, Borgar
dc.contributor.authorKorsbakken, Jan Ivar
dc.contributor.authorRomundstad, Reidun Marie
dc.contributor.authorMadslien, Anne
dc.coverage.spatialNorwayen_US
dc.date.accessioned2022-03-07T12:31:46Z
dc.date.available2022-03-07T12:31:46Z
dc.date.issued2022-02
dc.identifier.issn0804-4562
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2983417
dc.description.abstractCICERO Senter for Klimaforskning og Transportøkonomisk institutt (TØI) har utarbeidd ein utrekningsmodell og eit sett med framskrivingar for klimagassutslepp i Vestland fylke fram til 2030. Framskrivingane omfattar ein referansebane og anslått effekt av ei rekke ulike utsleppsreduserande tiltak. Framskrivingane kan brukast til å illustrere korleis klimagassutsleppa i Vestland kan tenkast å utvikle seg under ulike føresetnader, og kva type innsats som blir kravd for å oppnå Vestlands mål om netto nullutslepp i 2030. Referansebanen anslår korleis utsleppa kan utvikle seg utan nye utsleppsreduserande tiltak eller verkemiddel utover noverande vedtatt politikk, og dannar eit grunnlag for å måle effekten av tiltak. Tiltaksutrekningane er sett saman i tre ulike tiltakspakker, som både er tematisk grupperte og samtidig speglar både aukande effekt og stigande ambisjonsnivå: 1) Klimaplan for 2021-2030, 2) Moderate tiltak ut over Klimaplanen og 3) Radikale tiltak. Utsleppa er dominert av sektoren Industri, olje og gass (42 prosent av utsleppa), kor Mongstad raffineri er det største bidraget, følgd av ulike metallurgiske verksemder, samt mindre utslepp frå gassterminalar og prosessanlegg, og ei lang rekke små verksemder. Deretter følgjer Sjøfart (21 prosent), Vegtrafikk (13 prosent), Energiforsyning (8 prosent), Jordbruk (6 prosent), Anna mobil forbrenning (5 prosent), Avfall og avløp (2 prosent), Oppvarming (1 prosent) og Luftfart (1 prosent). I referansebanen går utsleppa i Vestland ned med 17 prosent mellom 2019 og 2030. Tiltakspakke 1, 2 og 3 reduserer til saman utsleppa i 2030 frå 5,5 til 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar, til 79 prosent lågare enn referansebanen. Meir enn to tredjedelar av reduksjonen kjem frå tiltakspakke 3 («Radikale tiltak»). Sjølv med alle tiltaka står det att 1,2 millionar CO2-ekvivalentar i 2030, av det 60 prosent fossilt CO2 medan resten er CH4 og N2O som i hovudsak kjem frå biologiske kjelder. Dei største restutsleppa av fossilt CO2 kjem frå utslepp til sjøs (segling) i sektoren Sjøfart, frå mindre utsleppsverksemder i Industri, olje og gass (utanom Mongstad raffineri og dei store metallurgiske verksemdene som vert analysert individuelt i denne rapporten), og frå landingar i luftfarten som ikkje nyttar nullutsleppsløysingar eller biobrensel. Desse utsleppa vert ikkje treft av nokon tiltak i tiltakspakkene, til dels fordi det er vanskeleg å finne gjennomførbare tiltak som kan kutte utsleppa monaleg innan 2030, og til dels fordi å utreie tiltak for desse utsleppa fell utanfor kva som lét seg gjere innanfor rammene for analysane i denne rapporten. Fylkeskommunen rår sterkast over aktivitetar i eiga verksemd og der kor fylkeskommunen er eigar. Dette gjeld mykje av kollektivtrafikken, men tiltaka på dei fleste andre områda vil krevje samarbeid. Fylkeskommunen kan då spele ei viktig rolle som koordinator, særleg for tiltak som krev samspel mellom kommunar og/eller einskilde private aktørar, så som utbygging av landstraum, tiltak for reduserte avfallsmengder eller matsvinn, og nullutslepp på bygg- og anleggsplassar. På andre område må fylkeskommunen vere ein pådrivar overfor statleg nivå, til dømes for å gje nasjonale insentiv eller påbod som fører til høg nullutsleppsandel for nybilsal for ulike biltypar, stønad til ambisiøse tiltak på industriverksemder, påbod om nullutsleppssonar og liknande.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherCICERO Center for International Climate and Environmental Research - Osloen_US
dc.relation.ispartofCICERO Report
dc.relation.ispartofseriesCICERO Report;2022:02
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectVestlanden_US
dc.subjectutsleppen_US
dc.subjectCO2en_US
dc.subjectindustrien_US
dc.subjectsjøfarten_US
dc.subjecttransporten_US
dc.subjectoppvarmingen_US
dc.subjectenergiforsyningen_US
dc.subjectreferansebaneen_US
dc.subjectutsleppsreduksjonaren_US
dc.subjecttiltaken_US
dc.subjectscenarioen_US
dc.titleUtsleppsanalyse mot 2030 for Vestland fylkeskommuneen_US
dc.typeReporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.subject.nsiVDP::Mathematics and natural science: 400en_US
dc.source.pagenumber173en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal